Manglande merking på produkt

Tilsynsmyndigheitene registrerer stadig oftare at produkt som blir brukt i eksplosjonsfarlege atmosfærar, manglar varig merking.

Korleis merke produkta?

Observasjonar i felt viser at merknadane på produkta kan bli slitte eller viska ut. På produkt-merknadane skal du blant anna finne informasjon om

  • kva soner og gassar eller typar av støv utstyret er laga for
  • kva ytre påkjenningar utstyret toler
  • kva slags type beskyttelse produktet har

Sjå bilete som syner korleis produkt skal merkast.

Leverandørar må halde seg til krava

Vi går no inn i fornybarsamfunnet, der hydrogen og biogassar vil bli brukt i større grad. Det er derfor viktig at både leverandørar av ustyr og arbeidsgivarar held seg til dei krava som er gitt i forskriftene om eksplosive atmosfærar.

Har opplyst om krava til merking

Sidan fleire produkt har mangla varig merking, har Arbeidstilsynet, Petroleumstilsynet og Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap sendt brev til produsentar, representantar, importørar og distributørar om krava til merking av ATEX-produkt.

ATEX-direktivet er innført i Noreg

I Europa er det ATEX-direktivet som beskriv korleis ATEX-utstyr skal merkast av produsenten. Dei same retningslinene er innført i Noreg i forskrift om utstyr og sikkerhetssystem til bruk i eksplosjonsfarlig område

Kva er ei eksplosiv atmosfære?

Ein potensiell eksplosiv atmosfære eksisterer når ei blanding luft, gass, damp, tåke eller støv blir kombinert på ein måte som kan ta fyr under visse driftsforhald.

Utstyr og system for beskyttelse som er laga for bruk i potensielt eksplosive atmosfærar (ATEX), dekker ein rekke produkt. Det inkluderer også dei produkta som kan generere gassar frå ensilering, organisk materiale, spraying av lakk og maling, i tillegg til der det kan oppstå støv av korn, mjøl, metall, tre, plast og i gruver.

Postet i Nyheter fra Arbeidstilsynet
Avtale om kortere opplæringstid for verneombud og AMU medlemmer
Last ned utkast til avtale om kortere opplæringstid for verneombud og AMU medlemmer I tillegg utarbeides en forsvarlighetsvurdering som dokumenterer at partene aktivt har gjort en vurdering slik lovverket krever.