Sist publisert: 19/09 2022
Gjennom oppslag i media har vi sett at fleire private og offentlege verksemder skrur ned varmen for å redusere straumforbruket.
– Arbeidsmiljølova seier ikkje noko om temperaturgrenser, men Arbeidstilsynet anbefaler ikkje innetemperaturar under 19°C i arbeidslokale som kontor, skolar, barnehagar og andre arbeidsplassar der ein gjer lett fysisk arbeid, seier Gunn Robstad Andersen som er seksjonsleiar i Arbeidstilsynet.
Temperaturar på arbeidsplassen
- Arbeidstilsynet anbefaler å unngå temperaturar under 19 °C ved lett fysisk innearbeid i periodar med behov for oppvarming.
- Ved fysisk tungt arbeid kan ein senke temperaturen meir. Arbeidstilsynet anbefaler minimum 16 °C for middels tungt arbeid og minimum 10 °C ved tungt fysisk arbeid.
- I vintersesongen er luftfukta lågare enn om sommaren. I periodar med behov for oppvarming anbefaler vi derfor å halde temperaturen under 22 grader for å unngå plager med tørr luft.
- Ver oppmerksam på at trekk og kalde vindaugsflater kan påverke den opplevde temperaturen.