Landbruk – ny bransje i Arbeidsmiljøportalen - HMS Kurs for Verneombud på nett, kun kr. 1890,-

Sist publisert: 21/03 2023

– Ved å gjere kunnskap og fakta meir tilgjengeleg, kan fleire jobbe målretta for å skape gode arbeidsmiljø, seier Trude Vollheim, direktør i Arbeidstilsynet.

Landbruk er ein ny bransje i Arbeidsmiljøportalen. I portalen kan arbeidsgivarar og arbeidstakarar, finne innsikt om nettopp deira bransje og, ikkje minst, verktøy som kan bidra til eit godt arbeidsmiljø.

Arbeidsmiljøet kan ha mykje å seie for sjukefråvær

Tungt fysisk arbeid er ein del av arbeidskvardagen til mange bønder. Det inneber handtering av tunge maskiner, verktøy og materialar. Mykje av arbeidet er også ståande. Det kan føre til muskel- og skjelettplager.

Eksponering for kjemikaliar og støv, støy og vibrasjonar, og at jobben forstyrrar privatlivet, er også faktorar som påverkar arbeidsmiljøet i denne bransjen.

I Arbeidsmiljøportalen kan du finne fleire utvalde arbeidsmiljøforhold som kan vere spesielt viktige å jobbe med for å redusere sjukefråvær og fråfall og for å auke trivselen og produktiviteten i landbruksbransjen.

Bransjar med stort førebyggingspotensial

Frå før finst det tilpassa verktøy og tips for desse bransjane:

– Felles for desse bransjane er at dei har kjente utfordringar med arbeidsmiljøet. Samtidig har dei alle eit stort førebyggingspotensial for sjukefråvær og fråfall, seier Vollheim.

Nyttig for å ta tak i eigne arbeidsmiljøutfordringar

Arbeidsmiljøportalen blei lansert i desember 2020. Målet med Arbeidsmiljøportalen er at verksemda i størst mogleg grad skal vere i stand til å ta tak i eigne arbeidsmiljøutfordringar – helst før dei oppstår. Verksemdene kan bruke verktøya Arbeidsmiljøhjelpen og En bra dag på jobb.

Arbeidsmiljøportalen

På Arbeidsmiljøportalen finner du kunnskap og verktøy slik at dere kan jobbe mer systematisk med de forholdene som er viktig for arbeidsmiljøet på arbeidsplassen din. Ikke optimalt arbeidsmiljø koster Norge 75 millioner kroner hvert år.

Les videre