Barnevern – ny bransje i Arbeidsmiljøportalen - HMS Kurs for Verneombud på nett, kun kr. 1890,-

Sist publisert: 31/08 2023

Barnevern er ein ny bransje i Arbeidsmiljøportalen. Om lag 43 000 personar jobbar innan barnevern og sosialkontor. Flest jobbar som vernepleiar, sosialarbeidar eller assistent.

28 % av dei med fråvær oppgir at dette kjem av helseproblem som heilt eller delvis er forårsaka av jobben. Det kan vere mange årsaker til helseplager og sjukefråvær, og arbeidsmiljøet kan ha mykje å seie.

– I portalen kan arbeidsgivarar og arbeidstakarar finne innsikt om nettopp deira bransje og, ikkje minst, verktøy som kan bidra til eit godt arbeidsmiljø, sier direktør Trude Vollheim i Arbeidstilsynet.

Barnevern – Arbeidsmiljøportalen (arbeidsmiljoportalen.no)

Høge emosjonelle krav i jobben

37 % opplever høge emosjonelle krav i jobben. Emosjonelle krav er dei krava til arbeidstakaren som er knytt til følelser i møte med andre. Det handlar om å forhalde seg til andres følelsar, både negative og positive, som ein del av jobben.

– Det å jobbe tett med menneske og handtere sterke følelsar som sorg, sinne og fortviling kan vere krevande. Ofte må ein også regulere eigne følelsar i møte med andre menneskes sterke følelsar for å ivareta rolla som profesjonell yrkesutøvar. Over tid kan det bli utmattande og føre til psykiske plagar og sjukefråvær, forklarer Vollheim.

Det å vite kva som er forventa i jobben, og høve til å påverke eigen arbeidssituasjon, kan verke førebyggande. Gode høve til å hente seg inn igjen restituering og kollegastøtte er også viktig for å førebygge helseplagar.

I Arbeidsmiljøportalen kan du finne fleire utvalde arbeidsmiljøforhold som kan vere spesielt viktige å jobbe med for å redusere fråvær og fråfall og for å auke trivselen og produktiviteten.

Bransjar med stort førebyggingspotensial

Frå før finst det tilpassa verktøy og tips for desse bransjane:

– Felles for desse bransjane er at dei har kjente utfordringar med arbeidsmiljøet. Samtidig har dei alle eit stort førebyggingspotensial for fråvær og fråfall, seier Vollheim.

Nyttig for å ta tak i eigne arbeidsmiljøutfordringar

Arbeidsmiljøportalen blei lansert i desember 2020. Målet med Arbeidsmiljøportalen er at verksemda i størst mogleg grad skal vere i stand til å ta tak i eigne arbeidsmiljøutfordringar – helst før dei oppstår. Verksemdene kan bruke verktøya Arbeidsmiljøhjelpen og En bra dag på jobb.

Arbeidsmiljøportalen

På Arbeidsmiljøportalen finner du kunnskap og verktøy slik at dere kan jobbe mer systematisk med de forholdene som er viktige for arbeidsmiljøet på arbeidsplassen din. Ikke optimalt arbeidsmiljø koster Norge 75 milliarder kroner hvert år.

Les videre