Fleire verksemder har avtale med bedriftshelseteneste

Første halvår i 2023 gjennomførte Arbeidstilsynet 2333 tilsyn der verksemd si tilknyting til BHT var eit av temaene. I ti prosent av tilsyna mangla  verksemda avtale med BHT og fekk pålegg om å skaffe seg det. Tilsvarande fekk 21 prosent av verksemdene pålegg om det same i perioden 2018-2022.

– Det er gledeleg at det verkar som om verksemdene i større grad tilknyttar seg BHT når dei har plikt til det, seier Anders Thorstad, seniorrådgjevar i Arbeidstilsynet.

Det som ikkje er like gledeleg er at det framleis er ein veg å gå for mange verksemder si bruk av BHT. Når Arbeidstilsynet kontrollerer om «arbeidsgivar sørger for at det er utarbeidd plan for BHT si bistand i verksemda,» får 37 prosent av verksemdene pålegg om at dette ikkje er godt nok. Dette er like stor del som fekk reaksjonar som i perioden 2018-2022.

– Arbeidsgivar skal i samarbeid med bedriftshelsetenesten lage ein plan som beskriv BHT si bistand i verksemda, fortel Anders Thorstad.
Dette er ein del av det systematiske HMS-arbeidet. Planen skal vere risikobasert og vise korleis BHT bistår verksemda i det førebyggjande arbeidet.

Les om korleis Arbeidstilsynet tilrår at verksemder og BHT går fram for å lage gode planar (arbeidstilsynet.no)

Postet i Nyheter fra Arbeidstilsynet
Avtale om kortere opplæringstid for verneombud og AMU medlemmer
Last ned utkast til avtale om kortere opplæringstid for verneombud og AMU medlemmer I tillegg utarbeides en forsvarlighetsvurdering som dokumenterer at partene aktivt har gjort en vurdering slik lovverket krever.