Sist publisert: 01/02 2024
– Ofte opplever vi at stillas, med standardrekkverka sine, blir nytta som kantsikring opp mot tak, og då som einaste sikring. Det er ikkje haldbart, seier senioringeniør Rolf Engstrøm i Arbeidstilsynet.
Arbeidstilsynet har gått gjennom ei rekke brukarrettleiingar etter ei fallulykke der ein arbeidstakar døydde. Stillaset var ikkje trygt nok og mangla kantsikring. Gjennomgangen viste at mange brukarrettleiingar på oppsett av stillas manglar nødvendig informasjon for å vere trygge når det blir utført arbeid på tak.
– Alle stillas skal oppfylle nødvendige standardar for å vere trygge. Brukarrettleiingar skal gi tilstrekkeleg rettleiing for korrekt montering av stillaset, seier Engstrøm.
Ikkje alle brukarrettleiingar er gode nok
I tillegg viste gjennomgangen at det manglar informasjon og dokumentasjon frå firma som sertifiserer stillas. Særleg gjeld dette bruk av kantsikring ved arbeid på tak. Ein kantsikring vil hindre at arbeidstakarar fell ned. Det finst eigne standardar for sertifisering og godkjenning av stillas og produkt for kantsikring.
– Brukarrettleiingar skal gi tilstrekkeleg rettleiing for korrekt montering av stillaset. No vil vi at stillasentreprenørar, arbeidsgivarar, opplæringsverksemder og brukarar set seg grundig inn i avgrensingane og krava som gjeld for dei spesifikke stillastypane som blir brukte. Dette kan bidra til å sikre eit trygt arbeidsmiljø som er i samsvar med gjeldande standardar, seier Engstrøm.
Kompetanse på bestilling
Gjennomgangen vår viser at oppdragsgivar må bli betre på å spesifisere kravet til kantsikring allereie ved bestilling av stillas. Det er viktig å ha all dokumentasjon på plass før bruk.
– Også her er det rom for forbetringar, seier Engstrøm. Krav til dimensjonering, montering og bruk, kontroll, samt krav til kontrollrapport og skilting av stillas er beskrive i Forskrift om utførelse kapittel 17.
Endringar i 2016
Produktsertifisering for stigar, stillas og kantsikring erstatta typegodkjenning frå Arbeidstilsynet i 2016. Det er nedfelt i produsentforskrifta (§ 4-5). For at eit stillas skal kunne bli brukt som sikring mot arbeid på tak må det vere kantsikring på stillaset som tilfredsstiller krava i NS-EN 13374. Det vil hindre at arbeidstakarar fell ned frå taket. Det betyr at sertifiseringsorganet, som har gitt ut sertifikatet på det aktuelle produktet, skal ha testa og sjekka at stillaset tilfredsstiller krava i dei aktuelle standardane.