Ofte stilte spørsmål om feriepengar |

Sist publisert: 22/05 2024

Finn du ikkje svar på det du lurer på, kan du lese om feriepengar på nettsida vår eller kontakte Arbeidstilsynets svarteneste

Etter ferielova skal feriepengane utbetalast siste vanlege lønningsdag før ferien viss ikkje anna er avtalt. Viss ferien din er delt opp i fleire periodar eller dagar, skal feriepengane delast tilsvarande.

Veldig mange verksemder har avtale om at feriepengane blir utbetalte i ein bestemd månad, ofte i juni.